The Affair

Serie · 2014–2019 · · 2. juni 2020
3/5

For å kunne skrive eit godt og dekkande innlegg om Showtime-serien The Affair, så burde eg ha starta å skrive notat når eg såg første sesong i 2017. Tre år seinare, når eg no er ferdig med den femte og siste sesongen til serien, er det mykje som har gått i gløymeboka.

Det eg sit igjen med og kan formulere vidare er hovudtrekka til serien, og ei total vurdering.

The Affair byrjar med at familiefaren Noah innleiare eit forhold med servitøren Allison på ferietur til Montauk. Utruskapen set i gong mange dramatiske og ofte dystre retningar av hovudhistorie og sidehistoriar.

Noah er også ein aspirerande forfattar, som får sin første suksess med ei bok som baserer seg på erfaringane hans frå denne ferieturen.

Allison har både ei trist fortid å slite med, og ein psyke som blir sentral for serien å utforske. Og både Noah sine nærmaste og Allison sine nærmaste blir prega av at dei er utru.

Det var nok ei spenning som blei formidla i byrjinga av serien som gjorde at eg blei fenga, og ville halde fram med han. Å sjå kva karakterane, og spesielt den korttenkte Noah ville finne på, blei kroken som fanga meg. Men etter kvart som serien måtte utvikle seg for å ha ei historie og fortelje, så blei det opp igjen med mykje av det tunge materiale. Spesielt siste sesong er prega av å dystre vendingar. Det gjer at mitt ferskaste inntrykk er at serien er ein tung serie.

Når eg ser tilbake, samlar tankane og prøver å lande ei anbefaling eller ikkje, så blir det ikkje det. Serien har for mykje negativitet, og dreg det ut over for lang tid. Undervegs i sesongane hadde eg behov for pause, på grunn av at det skjedde for lite og at episodane blei for like. Likar du å dvele ved tunge stunder i seriar, så kan The Affair passe for deg. Eg fekk totalt sett noko ut av serien, men hadde ikkje byrja på han i dag om eg visste korleis han ville utvikle seg.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • The Affair 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • The Affair 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • The Affair 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • The Affair 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • The Affair 2014-2019 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Dominic West (I)Maura TierneyJulia Goldani TellesVis alle

    Sjanger

    Land