The African Queen

Krigen er komme til Afrika der Mr. Allnut (Humphrey Bogart) held til med båten sin, The African Queen, som også er namnet på filmen. Han går i lag med Miss Sayer (Katharine Hepburn), og saman legg dei ut på reise nedover ei ugjestmild elv.

Strie elvestraumar, naturlege hindringar og ulike personlegdommar skapar høgdepunkta sine under ei reise der me er vitne til ytre påkjenningar som mjuknar opp to sjeler med vidt ulik bakgrunn.

Filmen er først og fremst morosam, men har og god dramatikk. Han held seg godt heile vegen. Det er alltid kjekt å sjå to personar bere ein film godt som her.

The African Queen 1951 plakat - Filmdagbok