The Aftermath

Film · 2019 · · 27. april 2021
3/5

Me er i Hamburg berre få månader etter at andre verdskrig er ferdig. Dei allierte har teke styring over Forbundsrepublikken Tyskland. Med dei russiske tok styringa i Den tyske demokratiske republikk.

Keira Knightley spelar kona til ein britisk oberst. Han har i oppdrag å halde ro og orden i ein by i ruinar, kor nokre tyske er terroristar, og mange blir behandla dårleg. Kona og mannen har ikkje hatt eit tett forhold på ei stund, og avstanden dei i mellom er blant det viktigaste filmen tek opp.

I Hamburg buset dei seg i eit hus som dei allierte statsmaktene har rekvirert frå ein tysk arkitekt. Obserten ønskjer at arktiketen og dotter skal få bu på loftet, sidan huset er stå stort.

Filmen er god på å skildre mange av forholda like etter krigen. Han er også god på å ikkje fortelje for mykje, me la oss lure eller tenke oss til at det ligg viktig historikk bak mange av vala til karakterane. Det er gode skodespelarar som overbeviser i rollane sine. Alt i alt er det mykje som ligg til rette for at The Aftermath blir ein god film.

Likevel klikkar det ikkje heilt på plass for meg, og eg slit med å finne ut kvifor. Dette er ein typisk film eg ville ha likt og rangert høgare. Men eg trur kanskje at det er fordi filmen har litt hastverk og blir for kald i dramaet og dei mellommenneskelege skildringane. Det er mykje alvorleg i gong her, men ikkje så mykje som treff eller rører.

Lik eller kommenter innhaldet på sosiale medier på www.facebook.com.
The Aftermath 2019 plakat - Filmdagbok