The Age of Adaline

Film om tid og romantikk er gjerne ei flott samansetting. Her er The Age of Adaline ingen unntak. Faktisk var han akkurat så god som eg håpa på og trudde etter å ha sett litt og høyrt litt om filmen og premissen til han.

Adaline er ei ung kvinne som ved eit heldig uhell stoppa aldringsprosessen sin. Ergo har ho vore like ung i rundt 60 år sidan det skjedde, og har måtte tåle konsekvensane av å leve med ein så stor løyndom. I tillegg har det også lagt sine band på forholda ho har hatt, og tvinga henne til å flytte ved faste mellomrom for å ikkje bli avslørt.

Som seg hør og bør i ein film så trår me inn i historia på eit tidspunkt der situasjonen til Adaline må endre seg. Dette og glimt av forhistoria er det som utgjer filmen. Det er gjort på ein nydeleg måte med ei nydeleg kvinne i hovudrolla, Blake Lively.

Ei solid forteljarstemme gjer filmen lett å følge med på. Tid og samanhengar som skulle gå på kryss og tvers har berre det mest nødvendige av mystikk over seg, mens det tekniske forblir ukomplisert. Hjarte til filmen er ei kjærleikshistorie mellom ei kvinne og ein mann, viss kvinne må ta eit oppgjer med seg sjølv før ting kan skje. Og når filmen lykkast med dette så er alt som det skal vere.

The Age of Adaline 2015 plakat - Filmdagbok