The Alamo

Film · 1960 · · 26. mai 2021
5/5

The Alamo er den første filmen eg har rangert på toppen av rangeringsskalaen sidan eg såg Isle of Dogs i 2018. Eg har heile vegen tenkt at eg burde vere meir generøs med topprangering, men har likevel ikkje landa på nokon filmar som har fått det på lenge.

John Wayne har både regien og hovudrolla i The Alamo, ein film om krig på grensa mellom USA og Mexico. Her er det mykje historikk til grunn, og eg er absolutt ingen ekspert på kva som er korrekt. Men filmen fokuserer på ei lita gruppe amerikanarar som skal beskytte ein bygningsmasse mot ein gigantisk meksikansk hær.

Historiske figurar som Davy Crockett, godt kjent for sin hatt med vaskebjørnhale, Jim Bowie og William B. Travis er med i denne historien. Det er ein film som fint beveger seg i westernsjangeren, og er lett tilgjengeleg utan at det går på bekostning av ei omfattande historie og lengde.

Handlinga som blir skildra er bygd på både historikk, menneskelege forhold, spennande krigføring og ein kamp mot tiden hengande over seg. Det er gode karakterar over heile linja. Det er ein film som tar seg sjølv seriøst, men samtidig spelar på at det er ein film. Så underhalding er vekta godt opp mot eventuell realisme.

Det er sikkert mykje meir eg burde eller kunne sei om The Alamo. Men eg gir meg med at å sei at dette er ein topp film, som eg var klistra til heile vegen. Det er slike filmar eg ser fram til å oppdage når eg bevegar meg tilbake i tid og hentar fram gamle westernfilmar.

Les også ei melding på filmfreedonia.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Alamo 1960 plakat - Filmdagbok

Skodespel

John Wayne (I)Richard WidmarkLaurence Harvey (I)Vis alle

Sjangrar

Land