The Amazing Screw-On Head

Ei filmmelding av denne korte animasjonsfilmen på IMDb hadde orda: Dette er ikkje ein film for vanlege menneske. Eg kan skrive under på dette. Eg ser på meg sjølv som vanleg, og dette her er fullstendig drit, eller ikkje langt unna iallfall.

Det handlar om ein agent for president Lincoln, som er ein slags robotskapning med eit stort hovud som kan bli skrudd av og på. I filmen må agenten stoppe ein keisar Zombie frå å ta over jorda på eit vis.

Eg likar rart, men med ein gong det blir kjedeleg, pretensiøst eller noko i den dur, sånn som The Amazing Screw-On Head er, så mistar eg interessa.

The Amazing Screw-On Head 2006 plakat - Filmdagbok