The Amazing World of Wallace and Gromit

I denne korte 15 minuttar lange dokumentaren får me ein kjapp introduksjon i suksessen til Wallace & Gromit, anno 1999. Dette er mest sannsynleg ekstramateriale på ei utgjeving, derav den korte lengda.

Dokumentaren har ein overflatisk gjennomgang av filmane A Grand Day Out, The Wrong Trousers og A Close Shave. Men det er likevel eit interessant innblikk. Med langfilm og fleire korte filmar og innslag i ettertid av denne dokumentaren, er ikkje suksessen ei overrasking. Eg er likevel overraska over kor spreidd over heile verda Wallace & Gromit har slått an.

The Amazing World of Wallace and Gromit 1999 plakat - Filmdagbok