The American President

The American President kom i 1995. Filmen var regissert av Rob Reiner og manus var skrive av Aaron Sorkin. Aaron Sorkin er kanskje mest kjent for The West Wing, ein serie som har noko av den same tematikken som The American President.

Michael Douglas er presidenten i USA som har vore enkemann i nokon år. Annette Bening dukkar opp som kjærleiksinteressa til presidenten. Personlege og nasjonale konfliktar oppstår. Stemnemøte er ikkje lett i det kvite hus.

The American President er ein overflatisk og smått kjedeleg film. Ideen om presidenten som får ny kjærast er enkel og grei, men det må meir til. Det er meir i denne filmen, men ikkje nok. Fletta inn handlingar er aldri seriøse nok hinder og eg får aldri inntrykk av at det er meir enn er fyll.

Dialogane er i hovudsak greie også. Men filmen gir seg ut for å vere så mykje meir enn han klarar å bli. Filmen gir forventingar frå første minutt, men innfrir aldri.

Og som punktum på filmen blir me servert eit makkverk av ein tale med sosialdemokratisk propaganda.

The American President 1995 plakat - Filmdagbok