The American West

I denne serien som består av åtte episodar tek produksjonen med oss tilbake i tid til den ville vesten. I det som er ein slags dokumentarisk fortalt serie med preg av rekonstruksjon og mange oppdikta innslag for å fylle hola, møter vi kjente personar som har levd.

Dei viktigaste personane me blir fortalt om er Jesse James, Crazy Horse, Sitting Bull, president Ulysses S. Grant, general George Armstrong Cluster, Wyatt Earp og Billy the Kid. Men lista over kjente namn som gjerne har blitt foreviga i westernfilmar og forteljingar i ettertid, er lengre.

I eit forsøk på å gi dette tyngde, er det fleire historikarar og skodespelarar som skyt inn med sine kommentarar mellom dei filmatiske innslaga. Men eg vil ikkje sei at serien lykkast med dette. Det er god grunn til å setje spørsmålsteikn ved mange av grepa som er gjort med The American West.

Trass i eg er, og du bør vere, kritisk til det som blir sagt og vist her, så er dette eit interessant blikk på ein periode i amerikansk historie. Dei store linjene er interessante, og filmatiseringa av kva dei ulike personane i seg sjølv er kurant underhalding som westernfilm eller -serie.

Eg saknar derimot at serien tar eit tydelegare val. Enten å framstå som fiksjon, men basert på sanne historiar. Eller å vere ein meir reindyrka og kritisk dokumentarserie. The American West er i pose og sekk.

The American West 2016 plakat - Filmdagbok

Alternativ tittel

The West

Publisert

29. september 2020 av

Skodespelarar

Mark Lee Gardner, Bert Thomas Morris, David H. Stevens, Will Strongheart, Mo Brings Plenty, Morgan Lund (I), John C. Bailey, Jonathan C. Stewart, Derek Chariton, Eric RollandVis alle 140 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Historie, Western

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The American West

TV Time

TV Time-side om The American West