The Andromeda Strain

Flott foto, fint tempo og god oppbygging gjer The Andromeda Strain til ei behageleg oppleving om ei spennande og interessant historie som involverer invasjon frå rommet.

Invasjonen er nesten usynleg, og kampen mot han og klokka flyttar seg etter kvart inn i iet underjordisk laboratorium. Krigarane våre er fire doktorar, ein styrke som har stått klar i tilfelle mikroskopisk invasjon. Med kløkt skal dei få kunnskap og finne eit middel mot organismen som truar jorda.

The Andromeda Strain brukar enkle verkemiddel på ein effektiv måte. Me får peikepinnar på kva som kan hindre arbeidet mot ei løysing, og opplever at denne blir oppfylt i nokon tilfelle. Dette blir fortalt på ein fin måte gjennom valet av bildeutsnitt og ikkje alltid gjennom karakterane sitt møte med omgivnadene eller opplagte replikkar om at det kan gå feil. Denne fluga på veggen-måten å følge historia på passar utmerka godt og stressar ikkje opp rolla til sjåaren, men passar godt til tempoet filmen køyrer på i.

Om det er ein ting som kan oppsummere The Andromeda Strain for meg så er det at han gir lønn for å følge med. Han krev ikkje all verda, men han krev at du let stemninga og tempoet sige inn over deg og at du har ei interesse for tema.

The Andromeda Strain 1971 plakat - Filmdagbok