The Andromeda Strain

The Andromeda Strain er ein miniserie som er basert på ein kjent roman. I 1971 kom også ein film ut, The Andromeda Strain.

Det handlar om ei gruppe vitskapsmenn som jobbar på spreng i eit hemmeleg laboratorium. Det dei prøver å finne ut av er kva som har drepe alle innbyggjarane i ein liten by, og korleis dei kan stoppe dette frå å skje igjen.

Me får altså ei hending, som me både blir med å finne ut kva er, og kva årsaka til hendinga er, og korleis det skal bli løyst. Det høyres spennande ut, og kunne ha blitt det. Men miniserie er ikkje det rette formatet for dette. Ei historie som denne burde ha blitt fortalt på kortare tid. Tre timar er for lenge.

Eventuelt burde det vore bygd opp på ein annan måte, noko som iallfall kunne gi ei meir spennande stemning. Sidan dette er fordelt på fire episodar, blir det noko i retning av at nok ein episode er gått, og ingenting er blitt svara på.

The Andromeda Strain 2008 plakat - Filmdagbok