The Angriest Man in Brooklyn

The Angriest Man in Brooklyn handlar om en sint mann i Brooklyn. Robin Williams er den sinte mannen. Han er på legebesøk, og Mila Kunis spelar legen. Ho er overarbeidd og irritert, og seier til den sinte mannen at han berre har 90 minuttar igjen å leve. Dette er ikkje sant.

Den sinte mannen stormar ut. Han må gjere det meste ut av sine resterande 90 minuttar.

Sånn byrjar den 83 minuttar lange filmen, som er eit jag gjennom gatene i New York. Det er ikkje så spennande. Og eg hadde hatt mindre glede av filmen, om det ikkje var for at far og son-forholdet som blir framstilt er både fint og rørande.

The Angriest Man in Brooklyn er altså ein film som med knapp margin hentar seg opp til eit greitt nivå, men under tvil. Det positive i filmen fungerer mest der og då, men er ikkje til spesiell ettertanke.

The Angriest Man in Brooklyn 2014 plakat - Filmdagbok