The Animals of Farthing Wood

Serie · 1993–1995 · · 16. april 2021
2/5

The Animals of Farthing Wood er ein serie eg blei kjent med som barn då han gjekk på NRK. Det siste året har eg gradvis sett meg gjennom første sesong av serien, som NRK har gitt namnet Flukta frå Dyreskogen.

Det er mest av nostalgiske grunnar eg har sett serien. For han er eigentleg ei ganske så langsam affære. Og med norske stemmer så blir det endå meir spesielt for min del. Eg er i utgangspunktet mest glad i opprinnelege stemmer, som er med på å knyte ein tittel tettare til til opphavslandet.

Eg har ikkje så mykje meir å skrive om The Animals of Farthing Wood. Eg kan verken anbefale eller åtvare mot å sjå serien. Han har ikkje hatt noko spesiell betyding for meg. Det einaste er at eg tykkjer dei mest dramatiske scenene kan vere underhaldande dryge, forsøkt sett i frå ståstaden til eit ungt barn.

Les fleire meldingar på www.rotoscopers.com (engelsk) og culturefly.co.uk (engelsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The Animals of Farthing Wood 1993-1995 plakat - Filmdagbok