The Animatrix

Ni korte animasjonsfilmar eller segment utgjer The Animatrix, ei samling med historier sett til The Matrix-universet. Eg kan like godt sei det først som sist, dette er min favoritt blant alt av The Matrix-relatert film som har komme ut.

Final Flight of the Osiris handlar om mannskapet på eit sveveskip som skal åtvare ein by om eit kommande angrep.

The Second Renaissance, Parts 1 & 2 er historia om krigen mellom menneske og maskin. Om korleis menneske nådde toppen, og korleis The Matrix oppstod.

I Kid's Story blir ein tenåring kontakta av karakteren Neo frå The Matrix, og klarer å rømme frå systemet.

Program handlar om to krigarar som slåst i ei treningssimulering. Ein forråder mannskapet sitt og drar tilbake til The Matrix-systemet.

I World Record klarer ein sportsmeister å bryte seg laus frå The Matrix på grunn av fysisk styrke under eit rekordforsøk.

Ei ung kvinne leitar etter katten sin i Beyond, og forvillar seg inn i eit hus som på grunn av ein systemfeil blir opplevd som heimsøkt.

Ein privat etterforskar, Ash, sporar i A Detective Story ein hackar med namn Trinity.

Matriculated handlar om ei gruppe menneske som fangar ei maskin og tuklar med maskinvaren.

Filmane er enten animert i anime-stil eller meir typisk tredimensjonal dataanimasjon, og det meste ser i grunn ganske bra ut. Historiene er kompakte og oppnår så mykje betre enn nokon av filmane å gi innblikk i mange ulike sider av universet, utan at det blir for mykje av det gode.

The Animatrix 2003 plakat - Filmdagbok