The Anomaly

Avisa The Observer kalla The Anomaly for ambisiøs, men ujamn. Nettopp dette var inntrykket mitt også etter at filmen var ferdig.

I filmen møter me Ryan (Noel Clarke), som vaknar opp på ein ukjent stad utan å vite korleis han kom seg dit. Etter ti minuttar blir han borte, og vaknar opp på ein ny plass nokon veker seinare, igjen utan å vite kvifor og korleis.

Det viser seg at han blir fjernstyrt, og at ein annan person brukar kroppen han som sin eigen. Når han sjølv vaknar opp, så er det ein feil med systemet. Minuttane i vaken tilstand er dyrebare, og mykje skjer og må bli gjort.

Ideen er artig, og med han er The Anomaly akkurat den type science fiction-film eg har sansen for. Men her står det på gjennomføringa. Kort fortalt så er det ikkje alt som klikkar. Det er ikkje spennande nok, og det heng ikkje heilt i hop på ein god måte. Og det er ikkje verdt tida, og det byr ikkje særleg på ettertanke.

The Anomaly 2014 plakat - Filmdagbok