The Apartment

The Apartment er ein av desse flotte Billy Wilder-filmane det er så lett å bli glad i. I The Apartment er det Jack Lemmon som styrer showet, bokstaveleg talt ved å tilby leilegheita si med seng der sjefane hans kan ha trygg sex med elskarinnene sine – i byte mot gode referansar som han får av dei.

Det startar som ein passe lystig film, men eg aner at dette skal bli meir. Etter kvart fangar filmen oss i karakterane og problema deira bak den komiske fasaden. Fasaden er veldig mykje til stades gjennom heile filmen. Filmen er ein godt balansert affære og fengjande til dei grader at du håpar filmen har vart i 50 minuttar når han eigentleg har vart i 1 time og 50 minuttar.

The Apartment 1960 plakat - Filmdagbok