The App

Film / 2019
2/5

Netflix-filmen The App er ein snodig italiensk sak som aldri innfrir. Det handlar om ein utflytta italiensk skodespelar som kjem tilbake til Italia for å spele i si første store filmrolle, som Jesus.

Før han drar vil kjærasten hans at han skal laste ned ein datingapp som ho skal skrive doktaravhandling om. Kor vidt det er appen eller rolla som Jesus som gjer at psyken han sakte, men sikkert blir ustabil er ikkje godt å sei.

Filmen byrjar på ein del retningar utan at det blir gjort så mykje ut av. Det er litt stemninga til ein skrekkfilm, og det er litt thriller, men det er aldri fullverdig nokon av delen. Etter kvart stagnerer all utvikling, filmen går seinare framover og endar berre opp med å bli ei tolmodsprøve.

Det er ikkje det eg ser etter i ein film. Å bli utfordra til å halde ut, fordi filmen ikkje veit kvan han vil, eller får til noko godt nok. The App ser ut til å ha midlane til å bli ein teknisk god nok film, men noko meir enn det kan eg ikkje unne filmen av skryt.

The App 2019 plakat - Filmdagbok