The Art of Racing in the Rain

Film · 2019 · · 17. januar 2021
3/5

The Art of Racing in the Rain handlar om livet til ein racingbilsjåfør. Milo Ventimiglia spelar Denny, som driv med racing. Han går til innkjøp av ein hund som han gir namnet Enzo. Etter kvart får han kone og barn, og karrieren går vidare. Alt saman blir fortalt med ei svært personleg stemme, fortalt gjennom augo til Enzo.

Dette er ein drama- og komediefilm som siktar inn mot å både treffe oss med svært alvorlege livsskildringar, samt glede oss med humoren som hunden sitt syn på menneskeoppførsel gir. The Art of Racing in the Rain er ei berg- og dalbane av kjensler, som han treff passe godt på. For min del blir det aldri dei høgaste toppane eller lågaste dalane. Men eg set pris på denne type film, og likar historia han fortel om dei mange åra som går frå Enzo kjem inn i livet til Denny til hunden blir gammal.

Grunnen til at eg likar dette er nok også ein del fordi han minnar meg om filmane basert på bøker av Nicholas Sparks. Det er ein dose romantikk her. Filmen ser lekker ut. Musikken er stemningsfull. Og det er gode skodespelarar i fine rollar.

Les fleire meldingar på moviesnoir.blogspot.com og www.rogerebert.com.
The Art of Racing in the Rain 2019 plakat - Filmdagbok