The Bank Job

The Bank Job er den hittil ferskaste filmen med Jason Statham, som trass i middelmåtige actionfilmar i blant framleis er ein av dei råaste skodespelarane i Storbritannia. Det er òg Roger Donaldson sin ferskaste film. Han er filmskaparen bak den flotte The World's Fastest Indian. Her held han seg i fortida då han igjen har laga film basert på ei sann historie med rot i nokre tiår tilbake.

Etter ei frisk opning med puppar og naken hud i mengder openberrar det etter kvart seg ei historie. Terry Leather (Statham) er ein mann med ein bilforretning og gjeld. Han får sjansen gjennom ein gammal kjenning til å få tilgjenget på raske pengar ved å rana ein bank. Kjenningen har eit anna motiv for ranet enn pengar og smykkar, nemleg eit sett med kongelege nakenbilde. I denne delen av historia vert det bygd inn handling nok til å styra The Bank Job unna å verta ein rett fram bankransfilm.

Elegant utførd i eit 1970-talmiljø som aldri vert for mykje av det gode er dette ein fin og litt røff film, i kontrast til blankpolert stål og teknologi som i Ocean's-filmane. Sjølve bankranet er hovudbrikka utan at det går på rekning av verken tidlegare eller seinare parti i filmen. Eg tykte dette var ein både spennande og stilig film som heldt godt gjennom 110 minuttar.

På ei anna side legg heller ikkje The Bank Job skjul på at det er ein ransfilm med mange innvikla trådar om utpressing og politisk tilknyting. Det vert aldri om å gjera og slenga setningsvitsar eller vise nærbilde av kjente skodespelarar. Ei viss nerve klarar filmen å halde, delvis takka vera filmmusikk i god stil som ligg trykkande over dei meste intense delane. Heller ikkje her vert det for mykje av det gode.

The Bank Job 2008 plakat - Filmdagbok