The Batman vs. Dracula

Den sprø tittelen gav meg ingen voner om at dette skulle utmerke seg som ein spesielt god Batman-film, men der blei eg godt overraska, for The Batman vs. Dracula er trass i at han skil seg mest ut i rekka av animerte Batman-filmar i full lengde ein av dei tøffaste.

Måten denne skil seg ut på er å ikkje ha Kevin Conroy gi stemme til Batman, animasjonsstilen er enklare og meir moderne enn den klassiske firkanta stilen frå dei fleste andre filmane og han tar med ein superskurk frå utanom DC-universet. Ingenting av dette er negativt for filmen, som er mørkare enn serien han er laga i kopling til (The Batman, 2004–2008).

Peter Stormare gir stemma til Dracula og i tillegg dukkar både pingvinmannen og Jokeren opp akkurat sånn eg har lyst å sjå dei. Trusselen Batman står i mot er av den grad at eg ikkje ser ei enkel løysing ligge fram i tid som skal ordne alt opp på ein blunk. Eg irriterer meg ikkje over at Batman lett kunne ha fiksa opp i problemet, for når problemet blir kjent for han er det allereie blitt utvikla til eit seriøst eit.

Dracula har med seg kjente element og tilfører like mykje til filmen som Batman. Me slepp masete hjelparar som Robin og Batgirl eller Batwoman, så alt kviler på skuldrene til Batman. Me får innblikk i privatlivet til Bruce Wayne, og Alfred gir inntrykk av å vere eit hjelpemiddel og ikkje berre ein usynleg og vittig skugge i bakgrunnen.

Kanskje det er litt Van Helsing-preg over historieforløpet, men Batman er aldri andre enn seg sjølv og det gjer filmen sjåverdig i Batman-samanheng. Ikkje alt er perfekt, det forventast heller ikkje av ein rett på video-produksjon som spinn av ein enkel serie.

The Batman vs. Dracula 2005 plakat - Filmdagbok