The Beach

Richard (Leonardo DiCaprio) vil oppleve spenning, reiser til Thailand, møter Daffy (Robert Carlyle), får eit kart som viser vegen til draumestronda, tar med seg eit fransk kjærastepar, reiser dit, møter trøbbel på vegen, finn eit paradis beståande av unge folk frå vestlege land og hamnar etter kvart i trøbbel.

Danny Boyle gir oss ein film som fangar tida han kom ut i på ein god måte, med populærmusikk som eg kjenner godt igjen, unge menneske med eit vridd bilde av kva verda kan bli, den brutale realiteten som dei må konfrontere, på ein smått overflatisk måte med ein hovudrolleinnehavar som i ettertid har vist seg å kunne gjere langt betre enn han gjer her.

The Beach er litt for dramatisk, ein smule for tøff og romantiserer eit hakk for mykje til at eg vil ta han for god fisk. Han hamnar litt over på sida over filmar som prøver for hardt utan å få det til, samtidig som han har manglar. I løpet av innleiinga får The Beach preg av å oppsummere ein gang i handlinga framfor å involvere karakterar på fangande vis.

The Beach 2000 plakat - Filmdagbok