The Beatles Anthology

The Beatles Anthology med sine åtte episodar på gjennomsnittleg 70 minuttar kvar, vel å ikkje blåse opp for mykje under dei konfliktane The Beatles hadde under innspelinga av dei siste albuma sine, sjølv om dei nok blir nemnde. Serien som vart produsert over ein periode på fem år, og kom i 1995 er historia til The Beatles frå dei var eit undergrunnsband i Liverpool på slutten av 1950-talet og fram til oppløysinga av bandet i 1970.

Fortalt i form av intervju med bandmedlemmene, der alt med John Lennon er i form av arkivintervju, og dei attlevande involverte på sidelinja er det først og fremst fokusert på musikken. Med mykje arkivfoto frå framsyningar, konsertar og anna materiale som skulle passe inn i samanhengen blir ideen om at du sjølv tar del i i the beatle mania sterk. På grunn av lengda har det blitt passa inn mange heile songnummer i kvar einaste episode, og her kjem det einaste minuset eg har funne med serien: At i eit par av episodane har same song blitt vist i fleire liveinnslag. Eg er ikkje så stor fan at eg må sjå The Beatles stå i ro på ei scene og synge same song opp igjen.

Men med dette minuset sett til side er dette så nært ein perfekt dokumentarserie eg har vore, der ein viktig faktor er at eg i utgangspunktet hadde eit positivt, om ikkje særleg djupt, forhold til musikken deira. No i ettertid sit eg igjen med mykje kunnskap, og føler serien gav ei balansert og difor truverdig framstilling av dei faktiske forholda. Det er enklare å skjønne kvifor gruppa har fått statusen i musikkhistoria som dei har.

Etter å ha fordelt dokumentarserien over tre til fire veker, blir det ikkje i ein The Beatles-rus eg skriv denne positive teksten på serien. For dei som har slukt ein serie rått med mange timar pressa ned over få dagar veit at dei i ettertid gjerne tenker litt annleis om serien enn dei gjer like etter serien er fullført.

The Beatles Anthology 1995 plakat - Filmdagbok