The Beautiful Country

Den dramatiske filmen til Hans Petter Moland om den vietnamesiske guten Binh (Damien Nguyen), som har hatt ein hard oppvekst fordi han er bui doi. Å vere bui doi betyr at han har vietnamesisk mor, men amerikansk far som var soldat i landet under Vietnam-krigen.

Binh veks opp på landet, men blir kasta ut på grunn av plassmangel når eine jenta i huset skal gifte seg. Han får vite at mora hans framleis lever og reiser for å finne ho. Vidare involverer filmen blant anna ein lang og hard reise til USA.

Filmen er over to timar lang, og kjem i kategorien over lange filmar som eg har vanskeleg for å sette meg ned med. Men på ein laurdagskveld som det er, så har eg hatt god tid til å sjå han. Tankane mine til filmen går i retninga av at eg slapp å føresei mykje i form av handlingane folk gjer, og dei avgjerslene dei tar, og at eg difor kunne fortsette å sjå, ettersom eg ikkje visste korleis ting skulle gå.

Om slutten var overraskande kan jo heller diskuterast, men vegen dit var verkeleg ei sterk historie, og innehar ein del tragiske episodar. Filmen handlar om håp for det betre, enn at forandringar faktisk skjer. Akkurat når du trur folk er på veg til å bli betre personar, så blir du skuffa. For her er det ingen som svingar med tryllestaven.

Tittelen The Beautiful Country har meir enn ei meining. For Binh er det USA som er det vakre landet, for Steve (Nick Nolte) er det Vietnam som er det. Om desse landa utelukkande kan bli kalla vakre bør også bli teke opp for diskusjon, for bilde me får i filmen er til tider langt frå det tittelen lovar.

Filmen er til sjuande og sist vakker. Både på bilde- og musikkfronten blir det lagt opp til det rolege og skjønne.

The Beautiful Country 2004 plakat - Filmdagbok