The Benchwarmers

Eg hadde nok forventa meg litt meir enn dette av The Benchwarmers. Filmtraileren verka passe morosam, og eg trudde det skulle bli i retning av Bad News Bears. Det var kanskje ikkje den beste filmen det heller, men heilt grei til sportskomedie å vere. Som var litt tøff i kantane av ei elles mjuk handling. Men The Benchwarmers manglar fullstendig ein brodd.

Rob Schneider har aldri stått spesielt høgt hjå meg, men verken Deuce Bigalow: Male Gigolo eller The Hot Chick var heilt på jordet etter det eg kan hugse. Jon Heder er ikkje overraskande i same bane som Napoleon Dynamite her, men på langt nær så morosam. Det artigaste gjensynet var nok med Jon Lovitz, kjent for sin repeterande gjesterolle som sjølvmordskandidaten som blei millionær i Las Vegas.

Eg skal nok klare å halde meg unna slike filmar i framtida, dette var den siste i denne sjangeren fram til det kjem noko som utmerker seg, som får god kritikk eller gode tilbakemelding frå utvalde publikum eg har tendens til å stole på.

The Benchwarmers får bli som han er, ein film som forventa når det gjeld regissøren Dennis Dugan. Og ein film som forventa når det gjeld tidlegare val av roller av Rob Schneider. Men eit vonbrot når det gjeld lovnaden til filmtraileren.

The Benchwarmers 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

2. september 2006 av

Regissør

Dennis Dugan (I)

Manusforfattarar

Allen Covert, Nick Swardson

Skodespelarar

Rob Schneider (I), David Spade, Jon Heder, Jon Lovitz, Craig Kilborn, Molly Sims (I), Tim Meadows (I), Nick Swardson, Erinn Bartlett, Amaury NolascoVis alle 99 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Benchwarmers