The Big Bang Theory

Serie
2007–2019
4/5

Kunsten å oppsummere tolv sesongar av ein serie i eit kort innlegg, er ikkje ein eg er trygg på å beherske godt nok til å gi eit korrekt inntrykk av heile opplevinga. Men det flotte med The Big Bang Theory er at serien stort sett har halde det same gode nivået, og er ein ukomplisert sak å oppsummere.

Kva er det som gjer ein trygg og grunn situasjonskomedie, som klart følgjer ei oppskrift slik The Big Bang Theory gjer, til ein god serie? Først og fremst karakterane og den vennskapelige stemninga. Det blir spelt mykje på eit samhald på tvers av dei ulike karakterane, og på sett og vis blir du ei forlenging av vennegjengen som sjåar av serien.

Ein periode for nokon år sidan, då serien hadde gått eit par tre sesongar, var eg ikkje fullt så optimistisk. Det var som om serien hadde gått tom for energi, og eg såg for meg ei utvikling lik den i Two and a Half Men, ein anna Chuck Lorre-serie på den tida. Heldigvis løfta serien seg, av årsaker eg ikkje hugsar å ha tenkt vidare på, og har sidan den gong vore eon stabil og fornøyeleg komedie.

Eg har sett sesongane både samtidig som dei har gått, og oppsamla, og tykkjer at serien fungerer på begge måtar.

  • The Big Bang Theory 2007-2019 plakat - Filmdagbok
  • The Big Bang Theory 2007-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    27. februar 2020 av

    Skaparar

    Chuck Lorre, Bill Prady

    Skodespelarar

    Johnny Galecki, Jim Parsons (II), Kaley Cuoco, Simon Helberg, Kunal Nayyar, Melissa Rauch (I), Mayim Bialik, Kevin Sussman, Carol Ann Susi, John Ross BowieVis alle 432 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Romantikk

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om The Big Bang Theory