The Big Chill

Ei gruppe tidlegare collegevenner møtes i samband med gravferda ein felles venn som har teke sjølvmord. Dei er no over 30 år, etablerte og med jobbar.

Dei samlast og mimrar og reflekterer over livet sitt. Tilbake med sin gamle gjeng er det ikkje til å unngå at enkelte kjensler dukkar opp igjen. Og situasjonen med avlidne Alex er ein tankevekkar for enkelte.

Der det er mange collegefilmar, er det litt færre gjenforeiningsfilmar som samtidig har relativt unge personar. The Big Chill får fram at dette er ein gjeng som hadde det bra som unge, men der magien som ofte finst i collegefilmar blei borte.

I The Big Chill skjer ikkje all verda, men stemninga er alt han kan bli. Tunge stunder blir oppnådd og eit alvor, som ikkje blir for drygt fordi minnet og påminningar om framleis gode stunder blir skotne inn på rette stader.

The Big Chill 1983 plakat - Filmdagbok