The Big Country

Film · 1958 · · 7. august 2021
4/5

The Big Country er ein av desse lange og eldre filmane som eg forventar at skal vere bra, nesten basert på sjanger og speletid åleine. Forventingane var høge til filmen.

Det skulle ta ei stund frå eg fann filmen til eg såg han. The Big Country varer i nesten tre timar, så det måtte vere rette tidspunktet å sjå han på. Slik at eg fekk sett han samanhengane, og kunne leve meg godt inn i han.

Det handlar om ein høfleg og prinsippfast herre frå det siviliserte aust, som kjem til ein ranch i det meir ville vesten for å gifte seg. Kulturar krasjar, men også personlegdomar og filosofiar.

Gregory Peck spelar mannen som ikkje treng å bevise kva han kan for nokon andre enn seg sjølv. Denne haldninga er framand for omtrent alle han møter på den nye staden. Der handlar det mykje om å markere seg, eller risikere å bli undertrykt.

I kjerna av filmen si handling er ein konflikt mellom to rancheigarar. Terrill-familien og Hannassay-familien. Ein tredje ranch kalla Big Muddy, sit på rettane til vannforsyning som begge familiane kjempar om å kjøpe opp.

The Big Country er historia om den sjølvstendige mannen som ikkje kan akseptere at miljøet og kulturen han møter skal definere han. I den pågåande konflikten vel han fort si eiga side, og skapar si eiga historie som er spennande å følgje. Filmen har ingen hastverk med å nå det endelege målet til denne historia, men handlar mykje om møta undervegs. Han tek seg også tid til å vise det vakre som film kan vere.

Eit eksempel på god kinematografi, god filmforteljing og hovudrolla som berre treng å bevise noko for seg sjølv er ein slåstkamp vi får oppleve ei stund ut i filmen. Kampen føregår midt på natta i måneskin og stille, langt ute på eit jorde. Her handlar det ikkje om å vise seg framfor eit publikum, men om slåstkampen i seg sjølv. Det er intenst og brutalt, samtidig som det er vakker film.

The Big Country svarte til forventingane, og var ein film som levde opp til speletida si. At helten var ein interessant og prinsippfast fyr gjorde dette berre endå kjekkare.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og livius1.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Big Country 1958 plakat - Filmdagbok