The Big Picture

Christopher Guest er ein filmskapar eg har eit motstridande forhold til. Eg har stort sett alltid sansen for det han prøver å lage, men har ofte tykt at gjennomføringane har vore kjedelege.

Filmar det gjeld er Waiting for Guffman og For Your Consideration.

Med The Big Picture, som var langfilmdebuten til Christopher Guest, meiner eg han lykkast med det han prøver. Som med dei to filmane over, handlar dette også om skodespelarar. Her er plasseringa for handlinga Los Angeles.

Kevin Bacon spelar ein nykomling som har gjort suksess med ein prisvinnande kortfilm. Dette får bransjen nyss i, og han blir snappa opp av ein agent og produsent. Karrieren skyt fart, men har ingen substans.

The Big Picture brukar på humoristisk vis kjente persontypar frå filmbransjen, mest utprega av overflatisk karakter, til å lage vitsar på det som skjer rundt hovudpersonen vår. Han gjer sjølv ei reise og veks opp i dette miljøet som stort sett brukar han som ein kasteball.

Det tok tid å finne forma, men eg blei stadig meir interessert og glad i The Big Picture utover. Her er både gode poeng og gode karakterar, og det er ikkje spesielt tungt å svelje heller.

The Big Picture 1989 plakat - Filmdagbok