The Big Short

2015 / Film
13. januar 2019
4/5

The Big Short er blant regissør Adam McKays beste og mest solide filmar. Han står bak mange gode komediar, men The Big Short siktar mot å vere meir, og lukkast med det.

I korte trekk fortel filmen om folk som forutsåg og satsa pengar på at finanskrisa i 2008 skulle skje. Historiane som blir fortalt i filmen tek for seg korleis det blei oppdaga, kva dei gjorde med det, korleis dei ikkje blei høyrt på, og kva som var grunnen til krisa.

Utan å gå innpå kva som er sant og rett med denne filmen, så er det godt fortalt. Det er mange detaljar, mange folk og mykje som blir sagt i løpet av dei to timane filmen varer. Fordi alt som blir sagt er viktig for å få utbytte av filmen, blir all snakking interessant, og resultatet er ein oppslukande film. Ved å innehalde så store mengder informasjon som han gjer, undervurderer ikkje The Big Short publikummet sitt. Samtidig tek filmen seg tid til å forklare ting, og overvurderer dermed heller ikkje publikummet sitt. Det er ein fin balanse.

I tillegg til å vere ei fengslande oppleving, er det ein god komedie. Filmen tek mykje i. Karakterane er gode karikaturar, og dei brukar store ord. Poeng skal ytrast, og det blir ikkje gjort ved å underdrive.

The Big Short 2015 plakat - Filmdagbok

Regi

Adam McKay (I)

Manus

Charles Randolph, Adam McKay (I), Michael Lewis

Skodespelarar

Ryan Gosling, Rudy Eisenzopf, Casey Groves, Charlie Talbert (I), Harold Gervais, Maria Frangos (II), Christian Bale, Hunter Burke (I), Bernard Hocke, Shauna Rappold

Sjangrar

Biografi, Komedie, Drama, Historie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Big Short

Forfattar