The Big Sleep

I The Big Sleep menger Humphrey Bogart seg med det som må vere den vakraste amerikanske skodespelaren frå 1940-talet. Stadig flørting er ved siden av ei innvikla drapssak dei viktigaste ingrediensane her.

Eg følte meg ganske dum når eg såg på, for i The Big Sleep skjer det så altfor mykje til at eg klarer å få med meg alt. Litt av gleda drukna vekk i alle trådane og namna. Det er dermed ikkje sagt at eg avskydde filmen, for eg fekk sjølvsagt med meg dei viktigaste poenga, og kjemien mellom Humphrey Bogart og fleire av dei ulike kvinnene er solide saker. Deriblant Lauren Bacall.

The Big Sleep 1946 plakat - Filmdagbok