The Big Trail

The Big Trail kom ut i 1930, var John Wayne 23 år gammal. Filmen var den første hovudrolla hans, og det var i ein film av stor skala. Men det skulle ta endå ni år før han verkeleg slo gjennom i Stagecoach av John Ford.

I The Big Trail spelar han fangstmannen Breck Coleman som har levd både hjå indianare og på eiga hand. Han er godt likt og respektert blant mange. Då ei samling busetjarar skal migrere vestover mot nye områder, blir han med i følgjet som speidar.

Det som motiverer han er å skulle fange ein drapsmann, som han meiner er del av følgjet. Og ei ung kvinne som han får eit godt auge til.

Filmen er ein god produksjon og eit skildrande stykke filmhistorie av tida si. Det er omfattande opptak med store folkemengder, djubdefokus og aktivitet som går langt innover i bilde. Lydane er mange, til å vere ein tidleg lydfilm altså. Men ikkje av ypparste kvalitet.

Mykje av det som skjer undervegs på turen ser så ekte ut at det verkar å vere ekte. Det vil sei livsfarlege situasjoner som er spelt inn for at dette skal bli ein god film.

Samtidig så har filmen nokre avgrensingar som trekk ned. Det kan godt vere på grunn av tida filmen blei spelt inn i. Men eg tykkjer at mange av sekvensane blir for lange. Filmen flyt ikkje så godt som eg kunne håpt på. Eg er sånn passe tolmodig når eg ser film, viss det har noko for seg. Men her blei eg altså litt utolmodig.

Det eg sit igjen med etterpå er uansett eit godt inntrykk. Filmen var god på det dramatiske, og skildra reisa og metoden til busetjarane på ein måte som var ny for meg. Her var preg av realisme viktig og sterk.

Ein film som eg i utgongspunktet såg fordi John Wayne hadde si første hovudrolle i han, enda opp med å bli ein film eg vil hugse mest for den harde reisa.

The Big Trail 1930 plakat - Filmdagbok