The Big Wedding

Den smått kjedelege, men likevel overkommelege The Big Wedding handlar om ein stor familie i forkant av eit stort bryllaup.

Det er den adopterte sonen som skal gifte seg, og i det høve kjem søskena og mora heim igjen til huset til faren og den nye kjærasten hans.

Gamle minner og nye problem dukkar opp i større og mindre skala. Filmen handlar mest om alle, og mindre om berre dei trulova. Ein bror på neste 30 år som er frivillig jomfru. Ei søster som har stukke av frå typen sin. Og foreldre med nok komplikasjonar til å gjere samankomsten til eit risikabelt anliggande.

The Big Wedding har nok innhald og variasjon til å fylle ein film, men bær preg av å vere for trygg. Det finst nok av trygge filmar å like, men med denne får eg inntrykk av at dei sikta høgare og at filmen prøver å vere vittigare enn han blir. Mange av dei små historiene fell saman som uinteressante, og The Big Wedding hadde hatt godt av eit strammare og betre manus.

The Big Wedding 2013 plakat - Filmdagbok