The Bishop's Wife

The Bishop's Wife er ein englefilm med Cary Grant, David Niven og Loretta Young. O gledelege jul for ein herleg kombinasjon.

Det kan bli sagt først som sist at The Bishop's Wife er den mest stemningsfulle filmen etter å ha sett elleve julefilmar hittil no før jul. Samansetninga av humor og folk som på ein truverdig måte får fram at dei bryr seg er unekteleg vellykka.

Julemirakel er det tematisk samlande omgrepet for The Bishop's Wife. Ved å gjere Cary Grant til ein engel, den sjarmerande typen du ikkje vil overlate i kona di sitt selskap, blir engleinnslaget lettare å svelge. Alt han gjer har ei årsak, og at me tidleg blir klar over dette opnar filmen til å gjere så mykje meir enn å preike om julemirakel.

Det er ofte ei utfordring å vidareformidle essensen i ein god film. Ofte handlar det om at gjennomføringa er god, handlinga oppsummert treng ikkje vere original. The Bishop's Wife handlar i korte trekk om ein engel som trenger seg innpå ein biskop og kona hans for å gjere livet deira lykkelegare. Eg vil i stor grad framheve skodespelet og samspelet som styrkane. Cary Grant har karisma, David Niven er både dyktig og truverdig og Loretta Young lyser opp samtidig som ho er det stabile midtpunktet.

Ei sann anbefaling av ein julefilm.

The Bishop's Wife 1947 plakat - Filmdagbok