The Black Cauldron

Film · 1985 · · 6. januar 2021
3/5

Mange av dei tidlegare Disney-filmane med lang speletid har eg høyrt om, men denne filmen kan godt mogleg ha gått meg hus forbi heile livet. Det gjorde han ekstra spennande å gå i gang med, då eg ikkje hadde nokon forventingar eller forkunnskapar.

The Black Cauldron handlar om ein ung gut som heiter Taran. Han jobbar som assisterande grisepassar, inntil han ein dag kjem ut for noko magisk. Dette vil trekke han vidare inn i jakta på ei sort gryte, med magiske eigenskapar. Farlege i feil hender. Og hendene til Bukkekongen er farlege. Får han tak i gryta, så vil han kunne skape ein hær som han kan ta over verda med.

Sidan eg gjekk intetanande til filmen, vel eg å utelate mange detaljar i den korte introduksjonen min. Dette var ein film som det faktisk var litt stas å sjå på grunn av at det meste kom som ei overrasking. Det handlar ikkje om at filmen ikkje kan vere føreseieleg, men at vala som er gjort for å drive filmen framover er litt artige.

The Black Cauldron er nok ikkje den første filmen som Disney har gjort tilgjengeleg på Disney+ eg vil anbefale. Men om du har sansen for sjangerblandingane fantasi og eventyr, så er dette ein fin film. Som du kanskje allereie då har sett.

Les fleire meldingar på filmfront.no (norsk) og www.norskanimasjon.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Black Cauldron 1985 plakat - Filmdagbok