The Black Dahlia (2006)

Film / 20. oktober 2006
2/5

Å forholde seg til filmmeldarar er ikkje noko eg bruker å gjere, men det eg har høyrt om The Black Dahlia stemmer godt overreins med min eigen idé filmen, bortsett frå typiske element som filmmeldingar gjerne går i djupna på.

Historia ser ut til å forsvinne i sjølve filmen og dens mange forsøk på å skape et grunnlag rundt karakterane. Stilistisk har eg ingenting å utsette på The Black Dahlia: Tung sigarettrøyk, menn med hattar, mørke skuggar, det blir det typiske film noir-preget som tar fokuset i filmen. Karakterane druknar i alt dette, mest Lee Blanchard (Aaron Eckhart) som oppfører seg tullete på en unødvendig måte, og som kan bli knytt til andre trådar i filmen som plutseleg blir nøsta opp i en hårball så spesiell at til og med katten ville lurt på om den skulle spyttast ut eller bli verande. Dårleg metafor, men poenget er at filmen ikkje engasjerer eller forundra, men gir kjærleik og rart klippte scener i bøtter og spann inntil Brian De Palma samlar dette og får ei meining ut av det.

Kanskje andre ser samanhengen betre og vil ha større glede av det, men The Black Dahlia vil ikkje vere en av filmane eg kjem til å tenke på når nokon seier Brian De Palma i framtida. Denne gjorde ingen inntrykk og vil fort gå i gløymeboka som en. Han er ikkje meir enn ein grei film.

The Black Dahlia 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Brian De Palma

Manus

Josh Friedman, James Ellroy

Skodespelarar

Josh Hartnett, Scarlett Johansson, Aaron Eckhart, Hilary Swank, Mia Kirshner, Mike Starr (I), Fiona Shaw, Patrick Fischler, James Otis, John Kavanagh

Sjangrar

Krim, Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA, Tyskland, Frankrike

IMDb

IMDb-side om The Black Dahlia

Forfattar