The Bling Ring

Sjølv om The Bling Ring ikkje er så god som dei andre filmane til Sofia Coppola, så skal dama ha skryt for å ha prøvd. Blandinga av Hollywood, festing, ungdom og krim er ei eg har sett feile nok gonger før, men Sofia Coppola får det passe godt til.

Valet av skodespelarar er godt, og blandinga av gamle og nye er fin. Karakterane er truverdige og interessante.

Store deler av filmen er spennande. Det handlar om innbrot, og det er ei langvarig spenning i om dei involverte blir tatt.

Det største minuset med The Bling Ring er at det skjer lite, og det lite som skjer er repetisjon. Med andre ord har filmen ei tynn historie, og ikkje nok av andre ting å fylle på med. Det er cirka halve filmen, etter starten, før slutten, som tar skade av dette. Men då mest på det vis at det finst betre.

The Bling Ring 2013 plakat - Filmdagbok