The Blob

Ein meteoritt krasjar utanfor ein amerikansk småby. I meteoritten er ein gelantinliknande masse som angrip mannen som først dukka opp på landingsstaden, og etter kvart sluker han heil.

Ein ung Steve McQueen og Aneta Corsaut er blant dei første som oppdagar trusselen etter dette, men verken politi eller andre vaksne trur på dei. Klassisk årsak til å la problemet bli stort og overveldande før noko må skje.

The Blob er ein fornøyeleg og ukomplisert B-film som ikkje tar seg sjølv uhøgtideleg i det heile. Handling og effektar kunne fort ha vore kritikkverdig, men dette er ikkje filmen av typen der sånt er viktig. Iallfall ikkje i ettertid. Her er det ein hårfin balanse mellom ufrivillig humor og godt skodespel. Med andre ord er filmen godt laga, men ideen er samtidig for enkel og for dryg.

The Blob 1958 plakat - Filmdagbok