The Boston Strangler (1968)

Film / 21. desember 2006
4/5

Det startar som en vanleg kriminalhistorie. Fleire kvinner blir funne drepe i Boston, alle saman kvelne i sin eigen heim, utan teikn til innbrot. Ettersom spreiinga på drapa er over fleire politidistrikt kan ikkje politiet etterforske på vanleg vis, og en spesialgruppe med jusseksperten John S. Bottomly (Henry Fonda) i sjefsposisjon blir danna.

Etterforskinga blir følgd på vanleg vis, eller ikkje helt vanleg i filmsamanheng. The Boston Strangler tar i bruk dokumentariske verkemiddel for å gjere det interessant og ekte. Den første timen viser flittig bruk av delt skjerm av ymse slag for å vise kva som skjer samtidig, nesten som i 24. Innimellom dukkar også mordaren opp, og nye ofre blir krevd.

Halvveges så forandrar filmen struktur. Split screen-frekvensen blir tona ned og filmen blir meir psykologisk thriller enn kriminaldrama. Og det til det betre. Det var her eg verkeleg fatta interesse for filmen. Sjølv om han er basert på ekte fakta er den svært så oppdikta, og det kan vere greit å vite om filmen at den legg til fleire element som ikkje har noko med den ekte historia om Albert The Strangler DeSalvo å gjere.

Men så er dette ein film, og det er ein god film som eg faktisk vil anbefale. Den er spennande, byr på enkelte uventa vendingar. Har ein del interessante fakta og generelle opplysningar om politiverksemd, som eg håper stemmer. Klippinga mellom ulike scener var effektiv, men også ein del av filmens svakheit, for det kan bli for mykje av det gode, og nokon av rutene blei så små at nærleiken dei prøvde å oppnå med objekta sine forsvann i virrvarret.

The Boston Strangler 1968 plakat - Filmdagbok

Regi

Richard Fleischer

Manus

Edward Anhalt, Gerold Frank

Skodespelarar

Tony Curtis, Henry Fonda, George Kennedy, Mike Kellin, Hurd Hatfield, Murray Hamilton, Jeff Corey, Sally Kellerman, William Marshall, George Voskovec

Sjangrar

Drama, Historie, Krim, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Boston Strangler

Forfattar