The Bourne Legacy

Film · 2012 · · 21. juli 2016
4/5

The Bourne Legacy er den fjerde av Jason Bourne-filmane, og den første utan karakteren Jason Bourne, spelt av Matt Damon. I staden er det andre konsekvensar ved handlingane til Jason Bourne som bli utforska.

Den sentrale karakteren er Aaron Cross (Jeremy Renner), som er ein agent på lik linje med Jason Bourne. Filmen dreier seg om mykje det same som dei førre, eit forsøk på å sleppe unna nokon som vil drepe han. I tillegg har Cross nokon medisinar som eit mål og ei nødvendigheit, som utvidar grunnen hans til å forflytte seg under flukta.

The Bourne Legacy er ein solid film, som brukar god tid på å sette oss inn i omstendet og karakterane. Han legg eit skikkeleg grunnlag før han går vidare, utan å nødvendigvis svare på alle spørsmåla som dukkar opp. Dette blir resten av filmen brukt på.

Det er ingenting å utsette på spenningen i filmen, men det er oppbygginga som er den største styrken. Eg forventar gjerne enten eller. Enten mykje action og mindre historieforteljing, eller motsett. Altså filmar som prøver hardt å vere god på eit par punkt. The Bourne Legacy er full pakke.

The Bourne Legacy 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jeremy RennerScott Glenn (I)Stacy KeachVis alle

Sjangrar

Land