The Boys Are Back

Ein fyr mistar kona si til kreft, og er etterlaten med ein son og eit ansvar og ei oppgåve han ikkje kjenner til. Som sportsjournalist har han vore mykje ute og reist, og no må han handtere kvardagen på ein ny måte, i tillegg til å takle sorga.

Clive Owen er åleinefar i australske The Boys Are Back, som spelar på kjensler og tunge tider. Men som heile vegen har eit håp i sikte. Dette handlar om reisa han tar, og korleis han blir kjent med ikkje berre den etterlatne sonen, men ein eldre son som han har frå eit tidlegare ekteskap i England.

Eg tykte at filmen treff godt. Det er passe annleis med sitt australske miljø, men samtidig vestleg og dermed lett å identifisere seg med karakterane. Balansen mellom flotte stunder og dei tidvis harde er god, og byggjer nettopp opp under dette som ein seriøs, men håpefull film.

The Boys Are Back 2009 plakat - Filmdagbok