The Brass Teapot

The Brass Teapot var ei positiv overrasking. Eg var i tvil om eg skulle sjå filmen etter å ha sett filmtraileren, for det kunne sjå ut som at dette var det mest generiske som gjekk an å plukka opp.

Men The Brass Teapot er ei uhyggeleg ferd inn i mørke sinnet til eit ungt ektepar som får sjansen til å tena pengar på å skada kvarandre.

Og då det ikkje kan verta vondare vert det vondare.

Det er det siste der som gjer det sjåverdig. Iallfall til ein viss grad. Før han vert nøydd til å runda av på enkelt vis.

The Brass Teapot 2012 plakat - Filmdagbok