The Break-Up

Rundt tida for premieren av denne filmen var det ein del snakk om dette som gjennombrotet til Vince Vaughn i Hollywood. Men for alle som har følgt nok med dei siste åra så blir det feil å sei det på den måten.

Siden slutten av 1990-talet og utover har rollene til Vince Vaughn, med enkelte unntak, blitt større og større, og å få ei slik rolle som i denne filmen ser eg difor på som ei logisk utvikling. Å bruke ordet gjennombrot får parallellar til at fyren ikkje har gjort noko som er verdt å legge merke til før, noko visse vil påstå, men som ein som ikkje avskyr Vince Vaughn på dårleg grunnlag — så meiner eg at fyren har vore ein viktig skodespelar og person i mange filmar, og i gjengen som blir kalla The Frat Pack.

På ei anna side kan eg vere einig i deler av påstaden om dette som eit gjennombrot. Fyren har både ei hovudrolle og unngår eit desperat forsøk på å vere morosam. Det siste er veldig viktig, ettersom litt av problemet i The Frat Pack-filmane er dei desperate forsøka på å vere morosam over heile linja.

Frå Vince Vaughn til filmen: I motsetnad til dialogane som filmen i går med Jennifer Aniston fokuserte på, er det her meir handling og tydelege kjensler med i bilde. Det heile baserer seg på at to sambuarar, Gary Grobowski og Brooke Meyers, slår opp. Filmen følger dei kommande forsøka deira på å såre den andre personen, sidan dei ikkje vil vere den svake parten.

Det flotte med dette som ein komedie er at det ikkje blir prøvd å skape hysteriske stunder heile tida for å holde interessa oppe. Filmen balanserer seg godt heile vegen, og klarar å halde den seriøse undertonen, samt at han ikkje trår i fella med å bruke karikaturar som overgår realistiske personar.

Det finst mange ting å trekke ned på filmen, og alt eg har nemnt over stemmer ikkje på heile filmen. Dette er og blir ein film som er laga for å selje, det er ikkje til å unngå. Men han tar ei anna form enn det eg er van med frå slike filmar, og det skal han få eit pluss for. Mitt andre pluss vil gå til Vince Vaughn og Jennifer Aniston, dei gir gode rolleprestasjonar.

The Break-Up 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

11. oktober 2006 av

Regissør

Peyton Reed

Manusforfattarar

Vince Vaughn, Jeremy Garelick, Jay Lavender

Skodespelarar

Vince Vaughn (I), Jennifer Aniston, Joey Lauren Adams, Cole Hauser, Jon Favreau (I), Jason Bateman (I), Judy Davis (I), Justin Long, Ivan Sergei, John Michael HigginsVis alle 129 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Break-Up