The Breakfast Club

Når det kjem til high school-drama og komediar er John Hughes ein av favorittregissørane mine. The Breakfast Club er hovudgrunnen til dette.

I filmen samlar han det som har blitt kjente og kjære stereotypar innanfor sjangeren: Sportsidioten, nerden, primadonnaa, den utstøytte og eit par andre. I tillegg samlar han dei i lag i biblioteket på ein skule, der må alle mot sin vilje halde kvarande med selskap gjennom ein heil laurdag.

Oppskrifta er den same som blir brukt i reality-tv. Svært ulike personar er dømt til å skape konfrontasjonar. Mesteparten av The Breakfast Club går ut på at dei snakkar, blir kjent, kranglar og avslører personlege saker.

Manuset, skrive av John Hughes, er ei blanding av kjensler og komikk. I blant så sterkt at eg nesten fell tårer. I blant så artig at eg fell tårer.

Med The Breakfast Club, som sett med ballasten til andre liknande filmar i ryggen, blir spørsmålet om originalitet vanskeleg og unødvendig. Det meste er sett i andre filmar, men sjeldan er det gjort så bra. Stereotypane er trass i alt stereotypar, men alt sit som støypt over heile linja. Heilskapen gjer filmen unik i sjangeren sin.

Her er ingen daudtid, filmen er kompakt og einsretta.

The Breakfast Club 1985 plakat - Filmdagbok