The Broken Hearts Gallery

Film · 2020 · · 15. mai 2021
4/5

Ved å nesten tilfeldig plukke opp romantiske komediar på ei strøymeteneste i dag, så er sjansen stor for at filmen stort sett berre er god nok.

The Broken Hearts Gallery er ein av dei filmane som stikk seg ut som ekstra god. Og årsaka til det handlar om mange detaljar i alle ledd er godt arbeidd med. For kjerna til historien er framleis passe enkel.

Det handlar om ei ung kvinne som samlar på ting som minnar ho om ekskjæraster. Og om ein ung mann som held på å bygge eit hotell, og som tilfeldigvis møter på den unge kvinna.

Eit vidare handlingsreferat vel eg å hoppe over. Dette er ein film eg varmt kan anbefale til dei som likar sjangeren, og som du trygt kan gå inn i utan å vite for mykje.

For å ta det fine med filmen. Det som skil han ut i mengda. Så er det godt godespel som er blitt godt regissert. Det er ein truverdig produksjon med tanke på lokasjonar, som ikkje gir noko billeg preg av verken studio- eller arkivfotobruk, eller avgrensingar på lokasjonar for den saks skuld. Sagt på litt gammalt vis, så verkar dette som ein kinofilm. Og det er kjekt å oppleve i denne sjangeren no til dags.

Les fleire meldingar på dennisschwartzreviews.com og keithlovesmovies.com.
The Broken Hearts Gallery 2020 plakat - Filmdagbok