The Brood

I løpet av karrieren sin har David Cronenberg rørt innom mange rare tema. Ofte handlar filmane hans om noko psykologisk som tar ei fysisk form. Sjølv om dette har endra seg noko det siste åra, kor han gjerne har fokusert på psyken.

Med The Brood var han framleis på vei inn i sitt svært fysiske 1980-tal, kor rare deformasjonar prega filmane hans. Likevel om dei kan sjå groteske ut, har eg aldri fått inntrykk av filmane, tatt handlingane til vurdering, har vore spesielt utilgjengelege Det har heller vore motsett.

The Brood handlar i korte trekk om ei kvinne som er i behandling hjå ein ukonvensjonell psykolog. Metodane hans kan skildrast som innovative og teatralske.

Etter kvar dukkar det opp problem som mannen til kvinna mistenker at har ein samanheng med hennar behandling, og desse eskalerer berre vidare. Når både han og mora til kvinna blir angripe av deformerte barn, må noko bli gjort.

The Brood er etter min meining ein av dei beste til David Cronenberg. Eg likar godt filmane hans frå slutten av 1970-talet og utover 1980-talet, då desse har både sitt særeigne visuelle uttrykk, og ikkje har blitt for sterilt. Om du har tenkt å sjekke ut David Cronenberg, så kan du trygt starte med The Brood.

The Brood 1979 plakat - Filmdagbok