The Brothers Grimm

Trass i at eg ikkje likte denne filmen så altfor mykje, så har eg no sett han igjen. Nytt frå førre gang var at eg no visste kven Peter Stormare var etter å ha sett ein del Prison Break, så rollefiguren hans blei artigare å følge med på.

Eg hadde også undertekstar til filmen, så det eg var usikker på sist, fekk eg no med meg i detalj.

Mot slutten, når det var rundt 30 minuttar igjen, blei eg veldig utålmodig, til ein grad eg ikkje har vore på lenge når det gjeld å sjå film. Eg klarte likevel å få sett alt.

The Brothers Grimm 2005 plakat - Filmdagbok