The Brothers McMullen

Debutfilmen til Edward Burns er familie- og kjærleiksdramaet The Brothers McMullen frå 1995. Tre brør frå Long Island strevar med kjærleik, ekteskap og utruskap.

Barry (Edward Burns) og Pat (Michael McGlone) flytter inn hjå broren Jack (Jack Mulcahy). Mens Barry ikkje har noko interesse av å vere i noko langtidsforhold, og Pat er i tvil om han framleis er interessert i sin kjærast, står den allereie gifte Jack ovanfor spørsmålet om han skal bryte ekteskapsløfte.

The Brothers McMullen vann pris for beste film under Sundance Film Festival då han kom. Men for mitt vedkommande er det nok ikkje den beste Edward Burns-filmen eg har sett. Til det er han for lett å gløyme. I ettertid har eg vanskar for å hugse kva filmen handlar om og kva stemning han sette meg i.

Men filmen har sin særeigen stil som eg set pris på. Han er enkel i språket, og dialogane er svært opne. Karakterane har fått ei innsprøyting med sjølvinnsikt omkring dette i manuset, og kommenterer i blant at det blir for mykje snakk om kjensler. Noko med at dette også er debutfilmen til Edward Burns pregar opplevinga av hans val av tema. For min del er dette sett i lys av å ha sett fleire seinare filmar av Edward Burns med same tema. Det er ein enkel innfallsvinkel til ulike stadier i forhold, men som blir gjort med tanke på behandla tema som seriøse. Sjølv om dei i all enkelheit er nettopp enkle.

Som med dei andre filmane til Edward Burns har eg vanskeleg for å sette denne for høgt, men også denne er så god at eg held fram å sjå fleire. Filmane til Edward Burns fungere godt i lag, og godt åleine. Dei er solide, men ingen høgdepunkt. Dei har interessante karakterar i enkle historier, men stikk ikkje så djupt i å vekke kjensler. God, men ingen klassikar.

The Brothers McMullen 1995 plakat - Filmdagbok