The Butterfly Effect

Ni år etter, gløymt for alt bortsett frå det gode inntrykket, såg eg The Butterfly Effect på nytt. Ein av dei seriøse og beste filmane som Ashton Kutcher har spelt i hittil. Om ein gut som opplever å svime av i alvorlege situasjonar som barn, noko som får følger når han blir vaksen.

Omgrepet The Butterfly Effect handlar om at små endringar i fortida kan få fatale følger i notida. Det er ikkje nødvendig å røpe meir om filmen, då han gjer seg best om du får oppleve episodane som oppstår utan for mykje forkunnskap.

Historia er tidlaus, men innpakninga har nokon sjarmerande preg frå tidleg på 2000-talet. Den visuelle tonen som elles er i filmen passar godt til den meir dramatiske tonen filmen har. For dette er i større grad ein alvorleg film om skjebnar enn ein fantastisk science fiction.

The Butterfly Effect er etter mi meining ein minneverdig film og etter min smak ein av dei beste filmane frå tidleg 2000-tal. Både for historie, stemning og skodespel.

The Butterfly Effect 2004 plakat - Filmdagbok