The Cable Guy

Grei film, men Jim Carrey var ikkje akkurat perfekt for rolla som kabelmannen. Han er meir morosam enn sjuk.

Dette kunne ha vore ein spennande thriller hadde det ikkje vore for han. Men komedie er det, og komedie var det nok meint å vere. Det eg tykte var kult med filmen var korleis dei hadde sett inn andre kjente folk i handlinga. Kyle Gass i ei mindre rolle som sofagris, Jack Black spelte vennen til Steven M. Kovacs. Owen Wilson hadde ei rolle som daten til Robin, og Ben Stiller dukka opp i ei nyheitssending som mordar. Men så er dette ein Ben Stiller-produksjon, så det er ikkje den største overraskinga.

Skodespelarar som Andy Dick og Janeane Garofalo var også med i The Ben Stiller Show tidlegare på 1990-talet. Det er som ein stor familie.

The Cable Guy 1996 plakat - Filmdagbok

Publisert

8. august 2005 av

Regissør

Ben Stiller

Manusforfattar

Lou Holtz Jr.

Skodespelarar

Jim Carrey (I), Matthew Broderick (I), Leslie Mann, Jack Black (I), George Segal (I), Diane Baker (I), Ben Stiller, Eric Roberts (I), Janeane Garofalo, Andy Dick (I)Vis alle 79 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Cable Guy