The Caine Mutiny

Den amerikanske marinen og andre verdskrig. Fløytepus og mammadalt Willis Keith (Robert Francis) blir innkalla til teneste på U.S.S. Caine, ein minesveipar med dårleg rykte på seg.

Gjennom Keith blir me introdusert for ei skipsbesetning med slapp haldning, noko som blir drastisk prøvd endra når kapteinen blir bytta til fordel for ein strengare ein, Capt. Queeg spelt av Humphrey Bogart.

Queeg sine retningslinjer fører til misnøye på skipet. Som tittelen viser til ligg det òg eit mytteri i korta.

Problemet med The Caine Mutiny er at han er for lang. I det legg eg at det blir mykje irrelevant tøv som kan bli knytt direkte til historia på godt vis. Samt det at filmen bruker lang tid på å komme til den interessante delen. Ei kjærleikshistorie mellom Keith og May Wynn, spelt av May Wynn, tilfører ingenting anna enn nokon flotte naturbilde frå Yosemite. Den lange oppbygginga har berre delvis innslag av det eg vil kalle viktig materiale.

Eg vil likevel ikkje forkaste filmen. Humphrey Bogart gjer ei interessant rolletolking som har blitt vist til i ettertid. Som den nervøse klinkinga med metallkuler i eine handa han gjer for eksempel. Bilde er nydeleg og musikken i klassisk stil gir rett stemning, men kanskje i overkant. Når filmen kjem seg på beina og mytteriet med dei følgjande det får er nært foreståande har eg heller ingen problem med å følge med.

Ein ting som engasjerer meg er urettferdig behandling i militærsamanheng, graderingsordningar kan lett føre til maktdemonstrasjon. Dessutan var oppfølgingssekvensen til rettssaka totalt øydeleggande, og er ein av dei sekvensane på film som åleine har klart å trekke ned inntrykket mitt av filmen eit heilt hakk.

The Caine Mutiny 1954 plakat - Filmdagbok